FRISK – FREKK OG FREIDIG!

Friskt. Annleis. Sprekt. Spanande. Frekt. Modig. Fargerikt. Morosamt. Artig. Sprudlande. Rått. Ekte. Hjertevarmt. Sorgtungt. Unikt …. Og med ein aller siste twist som me kunne vore forutan!

Alt dette og meir til, er «Tonedød». Randi Fuglehaug sin andre krimroman med handling frå Voss tar pusten frå deg. Det er så levande og sprudlande skildra med ekte varme, fargerike karakterar og frekk humor at det er ein fryd å lesa. Denne krimromanen handlar ikkje om eit drap på Voss. Den ER Voss i eitt og alt. For alle oss som kjenner denne store bygda (eller vesle byen), så er det nesten så ein må rista på hovudet over kor godt Randi Fuglehaug treff med sine spinnville utgreiingar. Ho klarar på forunderleg vis å smelta saman alt det vakre, varme og sjarmerande med det litt eplekjekke, småborgarlege og ufine i bygda.

Ein verdsberømt saksofonist fell død om på scenen under Vossa Jazz. Etterforskinga rykker idylliske Voss ut av påskefreden, og den eigenrådige journalisten Agnes Tveit hamnar midt oppi eit livsfarleg drapsmysterium. Saksofonisten Marta Tverberg fell død om på scenen berre minuttar etter at ho har halde ei flammande tale med kritikk av både jazzmiljø og festival. Seks hundre tilskodarar i salen er vitne til dramaet – blant dei mange som har hemmelegheiter den omdiskuterte divaen ikkje lenger kan røpe. Agnes er midt i arbeidet med biografien om Tverberg og kjem snart tett på fleire av desse hemmelegheitene.

Hovudpersonen hennar, Agnes Tveit, er til å ete opp med alle sine feil og manglar, sin sjarm og sitt nyfikne vesen. Ho er alt det ei frustrert nyskilt dame som klatrar mot 40 skal vere, der ho strekk seg i spagaten, og i ein konstant limbo mellom alt det ho helst vil, og det ho klarar å få til. Fuglehaug vågar til og med å gje dama ein frekk sensualitet som kjem til uttrykk i fargerik skildring. Og der me andre krimforfattarar sit att med ein flau smak i munnen over at me aldri vågar å gje karakterane våre noko så enkelt som ekte kåtskap, så tek Fuglehaug skrittet heilt ut og gjer med det Agnes Tveit til heil ved. Imponerande!

Både miljø, karakterar, skildringar og krimplott er betre i denne boka enn i debuten «Fallesjuke», og det seier litt, for det var bra der og. Så får eg heller leve med at boka kunne spart seg for dei fem siste sidene. Avslutninga før den aller siste lille twisten var meir enn god nok. Det kunne, og burde blitt ståande slik. Men pytt pytt … Boka er klink sekser på terningen uansett!

©Geir Tangen 03.02.22

Er på vinterskriveferie…

vinterferieJeg er lærer. Med andre ord så avspaserer jeg neste uke. Om du skulle påstå at det er det samme som ferie så  vil jeg personlig skrive deg inn i et makabert drap i en spontan krimnovelle. (Det var trusselen sin det …) Derfor blir det stille fra meg fra i dag av og fram til neste fredag. En hel uke uten blogging, men med plenty av skriving. Min egen krimroman Maestro skal få etterlengtet pleie.

Jeg tar med meg ski, lue, votter og varme sokker først til min mor i Øystese i helga, og så til Voss fra mandag til fredag. Med på lasset følger en like skrivesugen forfatterkone, to hormonbefengte tenåringsgutter og den eldste av dem sin kjæreste.

Det ungdommene ennå ikke vet er at hytta er uten internett (!). Hensynsfulle som vi er så har vi valgt å holde det hemmelig. Det de ikke vet det har de jo ikke vondt av (ennå…) Som et resultat av dette vil det denne uka altså ikke bli noen innlegg fra meg, og heller ikke et tematips på onsdag. Kommer sterkt tilbake i uke 8. Da med temaet «Skinnet bedrar«. Bøker som viste seg å være laaaangt bedre eller verre enn det omslaget tydet på. Jeg gleder meg allerede til å se hva dere kommer opp med.

Med meg på vinterferie drar jeg også et lite lass med bøker. Gud forby at jeg skulle gå tom for lesestoff. Det ville vært krise. Disse er valgt ut:

Jussi Adler Olsen: Journal 64

Roar Sørensen: Magellans Kors

Jo Nesbø: Frelseren

Jørgen Brekke: Nådens Omkrets

Så derfor : GOD VINTERFERIE!!!

Geir