Fuck off – I love you!

Fuck off I love youEin smashy tittel frå Samlaget som truleg har narra mang ei ung sjel til å kasta seg rundt på skulebiblioteket det siste året. Lett å tenkje at tittelen ikkje heilt held det den lovar, men langt på veg klarar Lars Mæhle også det kunststykket. Denne ungdomsromanen er ein tankevekkar du trygt kan tilrå til unge lesarar.

Lars Mæhle vant Uprisen for sin fantasyroman «Landet under isen» i 2010. Han vart og nominert til den samme prisen for denne boka. Ingen fantasy, og heller ingen pris denne gongen, men nok ein gong ei god bok for unge. Ei bok som eg trur kan skapa debatt i klasserommet dersom du vel å ta den som felleslesing.

På vaskeseddelen står det følgjande om denne romanen:

Vemund er ein vanleg 16-åring. Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø rundt eit treningssenter. Kvifor?

Leiaren i gruppa, Two-Face, er ein fascinerande, men skremmande skikkelse. Han avgjer alle viktige vegval med myntkast: På den eine sida av mynten står det «I Love You». Da blir valet godt. På den andre sida står det «Fuck Off». Da blir handlinga vond …

Fuck Off I Love You er ei sterk og spennande forteljing som tar opp viktige spørsmål: Kor mykje kan vi styre livet vårt? Kva gjer vi ut frå fri vilje? Og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan rå over?

Som vaksen så lyt eg alltid setja meg mentalt attende i tid når eg skal vurdere bøker som er skrivne for ungdom. Eg er ikkje i det minste tvil om at denne historien ville ha tatt meg med storm då eg var 15-16 år gamal. Om den klarar å gripa dei unge like godt i dag er eg meir i tvil om. Det vert kanskje litt for lite juicy for ein del av dei, men det er godt mogeleg eg teg feil her.

Eg likte starten utruleg godt. Og slutten. Dei to delane bergtok meg, og gjorde at eg sat att med mykje etter å ha lest boka. Ikkje minst alle spørsmåla som vert stilt gjennom Vemunds handlingar. Det er lett å døma han der og då, men eg veit ikkje om eg ville valt noko annleis då eg var 16. Truleg hadde eg gjort dei samme dumme tabbane, og gått skikkeleg på trynet.

Kva er det som avgjer kva val me tek? Kven kan setja seg til domar over kva som er rett og gale til ei kvar tid? Kor lett er det å bli ført med straumen bort frå alt det du trur på og elskar? Kan det å vera ein del av noko vera større og viktigare enn å stå¨for noko? Er me alltid ansvarlege for alle val me tek i livet?

Spørsmåla er mange, og eg trur det ville vore ein fryd å ta debatten i klasserommet. Eg har 10.klasse i år og, og trur nesten eg vil freista å leggje opp boka som pensum. Den triggar ettertanken, og stiller gode moralske og etiske spørsmål undervegs.

Boka er sterk på karakterteikning trass i at boka er ei tynn lefse. Her kjem alle karakterane tydeleg fram, og det er nok mange unge gutar som vil kjenne seg att i Vemund. Han er hysterisk morosam i form av å vere så keitete. Eg lo høgt då han gong på gong brukte frasa «Same for meg» i situasjonar der ein helst skulle ropt JA, og jubla. Som då hans store kjærleik endeleg gjev etter på festen, og spør han om dei skal kline litt:

«Same for meg», seier Vemund. 🙂

Det er ikkje så mykje Vemunds aktive val som øydelegg for han. Det er dei passive. Det at han aldri tør å ta ein konflikt. At han aldri står opp for det han meiner. At han ikkje tør å sei venene imot. At han aldri gjev beskjed om kva som er gale.

Språket i «Fuck off – I love you» er strålande, som alltid når Mæhle skriv. Det påpeikte eg og i min omtale av vaksenkrimmen han gav ut i vår. «Den mørke porten». Tykkjer likevel han har litt å gå på når det kjem til dramaturgi. Det manglar litt på å bli skikkeleg spanande i begge desse bøkene. Men, for all del… Boka er svært bra, og har du ikkje lese ho enno, ja så er det eit godt tips til ein kveld du er åleine. Den tek berre ein kveld å lese med sine dryge 150 sider. Når du har lest opninga så legg du ho ikkje frå deg med det fyrste.