Grieg møter bygdedyret

Linnes dystre lærdomGrieg møter bygdedyret … Høyres det dystert ut? Det er nettopp det det er. Det er Linnès dystre lærdom. Lars Mæhle si andre krimbok om psykologen Ina Grieg. Men, ikkje dystert som i dårleg, traurig eller keisamt … Nei, tvert om! Denne boka er ein fryd for alle oss som elskar krim. For alle oss som likar det litterære. For alle oss som saknar fleire krimforfattarar på nynorsk. Det dystre eg peikar på her er det motlause, lagnadsbestemte og ravmørke som ligg i små avkrokar hjå oss alle, og som berre ventar på å springe ut når du minst ventar det. Det vesle sekundet i livet som veltar all logikk, og sender deg på hovudet ut i elendet.

Det er Andre von Linnè sin dystre lærdom … At alt han trudde på, alt det han var blitt til gjennom sine teoriar om artsbestemming innan planteriket, med eitt sto for fall når det synte seg at artar kan endra seg. Mutere. Ta ei ny form. Dette er utgangspunktet til Lars Mæhles ferske roman. At menneske er i endring. At dei kan gjera det uventa, det uforståelege.  Eit godt anslag for ein krimroman der ein psykolog kler hovudrolla. Eg ser at somme anmeldarar, mellom anna Aftenbladet sin,  ikkje meiner dette er godt nok handverk frå forfattaren, men eg er ikkje samd i dette. Eg tykkjer dette er usedvanleg godt skrive. Ei god historie, vakkert og stemningsskapande språk, gode karakterar. Eit skritt i rett retning dersom ein ser attende til Den mørke porten som kom ifjor. På meg så verkar det som om forfattaren har tatt tak i dei mest openberre feila i si fyrste bok om Ina Grieg. Han har stramma inn plottet, skjult spora på krimgåta litt betre, og langt på veg og klart å skapa ei rollebesetning som me trur på. Det glepp litt her og der i dette reisverket, men ikkje verre enn at me som er røynde krimlesarar kjøper pakken.

Eg er langt meir einig med Aftenposten sin anmeldar. Han peikar på noko av det som gjer Lars Mæhle si krimbok til noko anna enn all den fyllmassen me vert servert frå dei fleste i dag. Pål Gerhard Olsen peikar på at boka er ein tiltalande kriminalroman. Uten overdriven bruk av morbide verkemidler får den formulert mykje vettugt om oppvekst og venskap, og om den norske væremåten. Han seier og at historia er på sitt beste i dei sugande, regnvåte naturskildringane som på virkningsfullt vis setjer dei minst tiltalande sidene av menneskesinnet i relieff. Lars Mæhle skriv så uendeleg vakkert om både menneske og natur. Han skapar stemning og spenning gjennom ord og språk. Det mørke, dystre og farlege er til stades som ei klam regnvåt t-skjorte på kroppen gjennom heile romanen. Det er uhyggeleg, lummert og til tider nesten trolsk.

Sjølve plottet er for så vidt rimeleg enkelt. Ina Grieg er invitert attende til barndomsbygda Skårnes for å delta på ein klassefest. Reunion 20 år etter. Vonde ungdomsminne kjem til overflata, og Ina tek tak i ei av dei store gåtene frå den gongen. Klassevenninna som forsvann sporlaust frå bygda, og som aldri vart funne att. All mistanken som vart retta mot særingen Tom Kaser, og alle spora som tyda på at han hadde drepe henne. No skal altså gjengen samlast igjen, og Tom Kaser er attende i bygda han og. Gjennom boka syner dei ulike karakterane at dei har endra seg sidan den gongen frå 20 år sidan. Ingenting er slik det eingong var, men likevel ligg forsvinninga der som ein kreftsvulst og forpestar bygdemiljøet. Gjev næring til det store bygdedyret.

Her tykkjer eg Lars Mæhle verkeleg har tatt tak i noko heilt essensielt. Korleis eit lite bygdesamfunn som kan synast som verdas tryggaste stad å vekse opp, ofte har i seg så mykje ondskap, jævelskap og openberre overgrep som ingen tør å ta tak i. Det er berre slik det er … At naboen slår kona si, eller at kjøpmannen drikk seg snydens kvar dag er ikkje noko som folk legg seg opp i. Det er berre slik det er … Alle kjenner alle, og alle beskyttar kvarandre uansett kva dei måtte finne på å gjere. Mæhle tek tak i dette og filleristar lesaren med oppvekstskildringar som gjer vondt langt inn i beinmargen. Her er det utspekulert mobbing, utfrysing av folk som er annleis, og grov vald i nære relasjonar som aldri vert tatt tak i av nokon. Det er berre slik det er. Skårnes er ikkje ein unik stad. Alle me som har trådd våre barnesko i små bygder veit om dette bygdedyret, og kva skade det kan gjere dersom det får fatt i oss. Etter mi meining treff Lars Mæhle spikaren på hovudet gong på gong i denne boka, og dei litt merkelege karakterane fins der ute alle som ein. Dei er ekte menneske av kjøtt og blod. Einstøingar og tullebukkar, ja … men verkelege menneske som bur på bygda. I Skårnes, og i mange andre liknande bygder rundt om i Noreg.

Linnès dystre lærdom er ei god krimbok med djupare botn enn det vi finn i mange andre krimromanar. Den har eit nydeleg språk, og boka er stemningsskapande og til tider beint fram uhyggeleg. Den er så absolutt spanande, og har gode karakterar, sjølv om enkelte hendingar ikkje alltid rimer heilt med kva val menneske normalt sett ville gjort. Forfattaren har tatt nokre snarvegar i plotting her og der, men alt i alt så er dette nesten ubetydeleg. Boka skil seg ut som ei av dei aller beste norske krimbøkene eg har lest i år.

Farleg nær ei farse

Farleg kreditt«Farleg kreditt» er Thore Eithun Helland si tredje bok, og den andre der han har lagt store delar av handlinga til Kvam i Hardanger. Øystese. Min heimstad. Der eg er vaksen opp, og har trådd mine unge år. Difor var eg ekstra spent på å lese denne røvarhistoria. Diverre så var det for mykje ved denne romanen som ikkje heldt mål i mine auge, og det er med tungt hjarta eg lyt vedgå at Helland sin nyaste roman nok aldri vert ein hylleveltar. Dette trass i at  han skildrar den aller vakraste staden i Noreg.

Handlinga i «Farleg kreditt» føregår som sagt i den vesle bygda Øystese i Hardanger. Me møter ein litt sliten og avdanka musikar som lyt trå til for å hjelpa den gamle far sin ut av ei pengeknipe. Faren har lånt pengar av ein utlånshai for å invistera i broren sitt hotellprosjekt. Utlånshaien har seld kravet vidare til litauiske pengeinnkrevarar i Bergen, og no står faren i trøbbel til halsen om han ikkje kan betala. Sonen tek kontakt med ein kamerat som er tidlegare drapsmann, og saman legg dei ein plan om å rana onkelen sin trailer som har vore på spritsmuglartokt til Sverige. Eg skal freista å ikkje røpa så alt for mykje av handlinga, men det er vel inga løyndom at det heile utviklar seg til i bli ei farse der det heile vegen kjem inn nye moment som kompliserar biletet for hovudpersonen.

Det som er moro er å lese om heimbygda mi. Gode og treffande skildringar frå det miljøet eg kjenner så godt. Kjende stader og kjend omgjevnad. Dette gjorde Helland med hell også i «Bitterhonning Blues» for ti år sidan. Problemet er denne gongen, nett som då, at han har ikkje ei god historie å fortelje.

Å skriva ein «røvarroman» er krevjande. Ein lyt heile vegen finna balansen mellom å gjere det spanande, samstundes som karakterane tek val og handlar i eit logisk system som lesaren kan tru på. Eit godt døme på dette er Jo Nesbøs «Hodejegerne». Ulideleg spanande, samstundes som me ser at hovudpersonen finn løysingar på problemene som gjer historia uforutsigbar men likevel truverdig. I «Farleg kreditt» skjer ikkje dette. Det vert ei reise frå den eine utfordringa til den andre utan at lesaren kjenner på at det er så nøye korleis det går.

Karakterane i «Farleg kreditt» gjev meg så lite at det vert meg revnande likegyldig korleis det går med dei. Hadde den litauiske banden teke livet av faren så ville eg tenkt, «Javel…» Boka har skurkar som heltar slik ein røvarroman skal ha. Men Alvin, faren og kompisen manglar substans. Dei er tafatte og pjuske. Litt ubehjelpelige og enkle. Godtruande naive bygdefolk utan kjøt på beinet. Enno verre er det med onkelen og kona hans. Om Alvin og gjengen er tafatte, så er dei nesten usynlege. Det trass i at dei får ei særs viktig rolle mot slutten av romanen. Dei skikkelege skurkane. Dei farlege. Det er Pimpin og Vanagas. To mafialignande pengeinnkrevjarar som vandrar inn og ut av Alvin og faren sitt hus på nattestid med avbitartengjer som dei skal straffa far og sønn med om dei ikkje får pengane sine. Skummelt? Nei! Dei er karikerte og hjernedøde skurkar som kun er med i boka for å gje Alvin litt motstand på vegen.

Det verste er likevel handlinga. Helland strekar opp ei handlingsrekkje som eg stussar ved gong på gong. At Alvin og far hans finn ut at dei skal rana onkelen til Alvin sin spritsmuglartransport er no ein ting, men at det skjer på den måten det skjer er straks verre. Fyrst prøvar kompisen å overtale Alvin om at det er rett å gjere. Alvin protesterer i eit par avsnitt før han seier javel. Så overtaler Alvin far sin til å rana sin eigen bror. Han protesterer også i nokre avsnitt før han også seier javel. Nokon MÅ jo køyre vogntoget, og han er den einaste som har lappen på vogntog av dei …

Slik held det fram heile vegen. Stadig nye rare val vert gjort. Ein av karakterane protesterer ei stund, før han eller ho til slutt går med på at det må gjerast slik eller slik. Det er meiningsbryting, men aldri konflikt. Det er usemje, men aldri krangel. Som lesar så kjenner eg heile vegen på at karakterane fjerner seg frå meg etterkvart som romanen driv framover. Dei gjer, tenkjer og seier ting som eg ikkje trur på eller tykkjer noko om, og difor vert det etterkvart meg likegyldig korleis det går med dei. Det er ikkje bra! Eg endar altså opp med å ikkje tru på handlinga, samstundes som eg ikkje tykkjer noko om karakterane. Her har Helland gjort eit feil val etter mi meining. Å fortelje historia vert viktigare enn å gjere den engasjerande.

Når me har tråla oss gjennom historia, og krangla oss gjennom den eine farsen etter den andre så står me att med løysinga. Avslutninga kan retta opp mykje dersom den har ein twist som  gjev oss noko nytt og spanande. Vel … Twisten i «Farleg kreditt» er at det ikkje er nokon slutt. Den er open. Me får ikkje vite korleis det går med Alvin og gjengen. Open slutt er det verste eg veit. Ja, eg er subjektiv når eg seier det, men i mitt sinn så les eg ikkje fleire hundre sider for å finna ut at eg ikkje kjem til å finna ut noko. Det er som å sjå ni episodar av «Broen» på NRK, for så å seie at eg stoppar her eg. Eg treng ikkje vite løysinga på mysteriet.

Men, på sett og vis så var det litt greitt og … Eg var jo ikkje særskild engasjert i korleis dette kom til å gå til slutt, og då var det kanskje til pass åt meg at eg ikkje fekk vite det heller?

Til slutt så vil eg retta ein pekefinger til forlaget, som altså er Samlaget. Å gje ut ein voksen røvarroman med eit omslag der det er ein «wordart-teikna» figur av ein revolvar oppe ved tittelen er amatørmessig. Dette er ikkje ei Hardyguttene-bok. (Ja, du hugsar vel det faste forstørringsglaset?). Det gjev potensielle kjøparar ein peikepinn på at dette er ei barne og ungdomsroman. Noko det ikkje er. Vaksne vel seg ikkje bøker med revolvarar teikna inn på omslaget. Dessutan viser omslaget ei lettkledd dame på panseret av ein bil. Berre så det er sagt … Dette skjer aldri i romanen.