Dagane grå i juni…

Dagane gråNok ein gong så har eg lyst til å dela ei bok med mine lesarar som de truleg ikkje har høyrt om før. Diktsamlinga «Dagane grå» kjem ut på Samlaget i juni, og er skrive av debutforfattaren Odd Eirik Færevåg. Dette er ei samling eg gler meg stort til å lesa.

Debutboka til Odd Eirik Færevåg dreier seg om tapserfaringar, i barndom og vaksenliv. Om ein liten son som dør, og som bringar fram minna om ei syster som eingong forsvann. Den mørke tematikken blir boren fram av eit overskot, eit leikande språk, eit språk som jobbar seg ut av sorga. Samlinga blir ein hyllest til dei som står rundt: foreldre, kjærast, barn og venner.

Eg må seie at det er lenge sidan eg har sett så fram til ei bok som dette. Kvifor det, spør du kanskje? Kva er det med ein debutant som skriv dikt på nynorsk som skulle lokka meg? Svaret er enkelt. Odd Eirik Færevåg er ein ny lokal forfattar frå Haugesund. Ei fersk og frisk stemme som eg har stor tru på.

Odd Eirik Færevåg. (Foto: Haakon Nordvik)
Odd Eirik Færevåg. (Foto: Haakon Nordvik)

Dei som har freista å få antatt lyrikk i Noreg veit kor trongt dette nålauget er. For at Samlaget skal bruka pengar på ei diktsamling så må kvaliteten vere høg. Lyrikk er ikkje klingande mynt i kassa. Dette gjer at eg vert nyfiken. Eg har og snakka med folk som har lest Færevåg sin lyrikk, og det dei fortel høyres svært spanande ut.

Med Odd Eirik Færevåg som sistemann ut i manesjen så har Haugesund etterkvart festa seg som eit nytt pulserande sentrum for forfattarkunst på vestlandet. Frå før har namn som Kolbein Falkeid og Alf Saltveit vore kjende Haugesundnamn på forfattarhimmelen, men dei siste åra har fleire nye kome til. Natalie Normann skriv Skjebnesøstre, serielitteratur for Schibsted. Siri M. Kvamme har gjeve ut to skjønnlitterære romanar på nynorsk for Cappelen. Vinterhjerte i 2008 og Nattgjengar som kom ut ifjor haust. I haust debuterte og Agnes L. Matre med romanen «Stryk meg over håret» på Commentum forlag. Attåt dette finn me aliaset «Alexander Brenning», eller Tor Sæther som han eigentleg heiter, som skapte furore då han i 1995 gav ut den erotiske «Trist som en matros» på Gyldendal og Gaute Sortland som fekk Rogaland Fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2011. Han har allereie gjeve ut to bøker på Samlaget, «Johan» i 2009 og «Du er her igjen og alt er forandra» i 2011, trass i sin unge alder.

BOKEN PÅ VENT HOS BEATHEVel … No er eg vel litt «off topic» her, men slik går det når ein vert  rive med. Dette skulle jo handle om Færevåg si diktsamling som altså kjem ut i juni. «Dagane grå» er i alle fall ein treffande tittel. Her i Haugesund er ofte dagane grå. Også i juni 😉 Men, når sola fyrst skin (og det til alt overmål er vindstille) ja då fins det knapt ein finare plass på jord. Færevåg si barndomsøy, Røvær utanfor Haugesund, er etter mi meining kanskje det vakraste stykke kyst-Noreg som finnes. Ikkje rart at det dukkar opp ein lyrikar frå den øya. Eg har eit von om at sola vil skine på Odd Eirik Færevåg i juni, og på alle dei andre unge og lovande forfattarane som poppar opp i byen. Det er kjekt med lokale stemmer som skriv lyrikk på nynorsk. På den måten får eg ved å lesa ei einskild bok heile fire hakk i lesemålsetninga for 2013. 1.Lokale forfattarar, 2.Bøker på nynorsk 3. Bøker utanfor komfortsona mi. 4. Ein debutant.  Er det rart eg gler meg? 😉