Han fekk sagt det han gamle Vinje, og i rein inspirasjon frå han vert dette innlegget skrive på nynorsk. Det er bokhaust, og gode tider for alle dei som vil selja nye åndsverk til oss bokormar. Ein eller annan stad inni denne jungelen av bøker ligg denne hausten sine bestseljarar. Me kan skimta kven det er som stikk av med dei største blautkakestykkene, men me veit aldri.
Her i heimen står postkassa og skrik om nåde nesten kvar einaste dag. Postmannen er lutrygga og skakk etter tunge bør, og burde strengt tatt hatt risikotillegg på denne ruta. Frå Vigmostad i nord til Bazar i sør kjem det last på last med brune og kvite pakkar. Alle med eit von om at akkurat eg vil finne glede i å lese og skrive om det dei har på menyen. Eg tek gladeleg imot, og har ingen vanskar med finna plass til dei alle saman. Eg tener ikkje noko som helst på den vesle hobbyen min, og eg vel sjølv kva bøker eg til sist plukkar ut frå hylla. Då er det greit. Eg eig ikkje dårleg samvit for at nokre av bøkene aldri får den omtalen forlagsfolka har håp om å få. Slik er det berre. Alle kan ikkje få. Det er umogeleg å vita akkurat kva titlar som fenger mest interesse der og då når eg står føre bokhylla og klør meg i hovudet.
Litt veit eg likevel. Det er nokre av desse bokpakkane som har eit føremon hjå meg. For det fyrste så les eg helst krim. Ifjor sendte mellom anna Juritzen og Bazar meg mange titlar med fargerike damer med ryggen til, ikledd ballkjoler frå forrige århundre. Dei kan ikkje ha lest mykje på bloggen min då, tenkjer eg. Men, eg gav til slutt beskjed. Eg er litt miljøbevisst, og det var ikkje reint få trer som måtte til pers for å halda meg oppdatert med bøker eg aldri kom til å lese. No kjem det mest krim, og stort sett berre det. Fine greier.
Vil du hamna langt framme på leselista mi er det også eit stort pluss om forfattaren er norsk krimforfattar, og gjerne debutant. Å sende meg bok nummer 7 i ein serie betyr i beste fall at boka vil få ein omtale av meg når eg har lest dei seks fyrste. Ein gong ut i 2016 med andre ord. Eg les dessutan ein del utanlandsk krim og thrillere, men kun dersom historien verkeleg triggar meg, eller dersom det er ei bok eg har høyrt mykje bra om frå før.
Aller størst sjanse til å bli lest har likevel dei krimforfattarane som eg allereie har forelska meg i, og som eg har lest meg opp på. I haust betyr det mellom anna nye eventyr med Thomas Enger, Aslak Nore, Frode Eie Larsen og Lars Mæhle. Eg har gleda meg stort til desse bøkene. Andre forfattarar er eg i ferd med å lese meg gjennom, så det vert nok ei og anna bok med Jørn Lier Horst, Gert Nygårdshaug, Chris Tvedt, Frode Granhus, Sonja Holterman og Jørgen Jæger også.
Nye namn for meg denne hausten er Eirik Wekre, Torkild Wiik, Jens Lapidus, Thor Brad og Michael Katz Krefeld.
Det vert med andre ord vanskeleg å velje denne hausten og, men du verden for eit luksusproblem det er. Her er mine 10 favorittar som eg gler meg mest til i haust. Kva er dine?