Og då lå eg … !

Redlight SetesdalDet hender ein gong iblant at lynet slår ned i dostampen. Heilt ut av det blå skjer det noko uventa. I dag var det slik. På pauserommet på jobben min låg det ei bok på eit bord. Til vanleg er bøkene som ligg på pauserommet traurige greier. Mest pedagogiske bøker om nye tankar og teoriar kring klasseleiing eller rettleiingspedagogikk. Denne boka var ikkje slik. Denne var hysterisk morosam. Rein og pur galskap på printa papir. Det var rett før eg ropte «Halleluja!» høgt og tydeleg, men det hadde vel berre ført til fleire RLE-timar neste år, så eg heldt meg i skinnet.

Redlight Setesdal er ei bok med bilete og tekst. Gamle bilete i svart kvitt. Henta ut frå nasjonalbiblioteket. Kva er det som er så morosamt med det tenkjer du sikkert? Ingenting!  Ikkje dersom du ikkje les dei små snuttane av tekst som forfattar Sigmund Falch har skrive til bileta.  Dei er hysteriske små fiktive kommentarar til bileta. Bilete og tekst saman vert galskap satt i system. det er som om «Absurdgalleriet» og «Larssons gale verden» hadde slått seg saman. det kan ikkje forklarast faktisk. Det må opplevast.

Sjå her til dømes:

Mannen i nypebusken

Skjønar du teikninga? Heilt absurde små kommentarar til bilete som eigentleg er tatt i heilt andre settingar enn det teksten latar som om dei er. Eg lo høgt gong på gong på gong på gong … Kvar side hadde eit nytt gullkorn. Arbeidsdagen min var med eitt redda, og eg går rundt og humrar. Falch har visst skrive tre bøker til i samme sjanger. Dei vert bestilt på biblioteket den dag i dag. Dette er LESEGLEDE!

Les utdrag frå boka her:

http://www.blaiboka.no/index.php?isbn13=9788251636216#/10

 

3 comments

Add Yours
  1. Aina

    Ja, bøkene er fantastisk artige 🙂 Og så kan du glede deg til jul – til ny utgåve av Falch’s julehefte. Det har iallefall vore i sal dei siste to åra..

    Lik

  2. beroene

    Enig, bøkene til Falch er absurde og festlege. Reine vitamininnsprøytinga. ‘Ho peika på Ceylon og viste ein pupp’, ‘Dei likar ikkje grovisar i Rotary’ og ‘Dei tek ikkje tran i Texas’ er like artige som titlane syner.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s