Langt frå grått og kjedeleg

Dagane grå«Dagane grå«. Ikkje la tittelen lura deg. Odd Eirik Færevåg si fyrste diktsamling er langt frå grå og kjedeleg. Tvert om så er det noko heilt nytt og fargerikt. Både i utrykk, form og offset så skil Færevåg si diktsamling på Samlaget seg ut frå mengda av lyrikk eg har lese. Ja, det er tungt og gripande. Ikkje akkurat feelgoodlyrikk for romantiske sommarkveldar. Meir eit pust av alvor som ristar litt i tryggleiksnerven din. 

Eg skal ikkje gje meg ut for å vera ekspert på lyrikk. Eg kan kun sei noko om kva det er eg likar, og kva det er eg ikkje likar når eg les dikt. Å lika noko heng tett saman med om dikta gjer noko med meg. Om dei rører nokre strengar i meg. At orda synk inn i meg og blir att der inne. Alt dette kjenneteiknar mange av dikta til Odd Eirik Færevåg. Dei treff meg i magen og gjev meg klump i halsen gong på gong. Det er sårt. Det er vakkert. Det er trist, og det er fint.

Han har ei heilt uvanleg stemme. Nesten prosa i formen. Her finn du ikkje rim eller openberr rytme. Eg vel å kalla uttrykket hans for «tankeskot«. Tankar som treff deg gong på gong, og som vert ført rett ned på papiret slik dei står. Somme gonger råkar han meg med full kraft … Andre gonger fyk orda forbi meg utan at eg vert rørt. Eg høyrer berre rikosjetten av dei.

Dikta er skrivne av ein forfattar som mista syster si som liten, og sin eigen son i vaksen alder. Han veit kva botnlaus sorg og fortviling er, og denne diktsamlinga er hans ord på desse kjenslene. Eit par av dikta er så sterke at det er uråd å halda tårene attende.

Samstundes lyt eg seia at dette ikkje er enkle dikt i form og uttrykk. Færevåg er ein symbolikar av rang, og mange av dikta må nesten drøvtyggjast for at du skal skjøna meininga bak, eller stemninga han freistar å skapa med orda. Nokre få av dikta måtte eg gje meg på til sist. Det var uråd for meg å skjøna dei. Og kanskje er det slik det skal vera også? Somme gonger er kanskje orda nok. Dei treng ikkje gje meining. Dei treng ikkje tydast i hel eller drøvtyggjast. Dei berre er der.

Odd Eirik Færevåg. (Foto: Haakon Nordvik)
Odd Eirik Færevåg. (Foto: Haakon Nordvik)

Eg likte denne samlinga, og eg liker å lesa lyrikk på nynorsk. Orda vert sterkare då. Råkar meg meir. Kanskje fordi det er ein tonestreng av mitt gamle Hardanger som syng i dette språket? Kanskje rett og slett fordi dikt er finare på nynorsk?

Skulle eg gje nokre råd til lyrikar og forlag så handlar det mest om offset. Fyrst og fremst så hadde boka fortent å koma i hardcover. Dernest så tykkjer eg det er uklårt kva dikt som er sjølvstendige og kva dikt som står åleine. Nokre av dikta går nemleg over to sider, medan andre ikkje gjer det. Utan noko skiljeteikn som syner når eit dikt sluttar og eit nytt byrjar, så vert det til tider litt vanskeleg å lesa.

Alt i alt så var dette ei samling som gav meg noko. Den rørte meg. Det er dette eg ser på som kvalitet, iallfall  i mangel på andre reiskaper.  Eg trur ikkje det er siste gong me høyrer noko frå denne debutanten. Han har noko eige ved seg. Ei eiga særskild stemme som skil seg i mengda av folk som ropar på merksemd. Godt levert!

1 comment

Add Yours
  1. Lines bibliotek

    Jeg leste denne i går kveld, og sitter igjen med omtrent samme inntrykk av samlingen som deg. Først og fremst ble jeg overrasket over hvor mye overskudd og humør som kunne ligge i en samling med en så «grå» tittel og sørgelig tematikk. Jeg likte best diktene som er nære og mer klassiske i formen, der er Færevåg god. De mer eksperimentelle diktene gikk langt over hodet på meg, fordi jeg ikke fant noen underliggende rød tråd å tolke dem ut fra. Jeg må nok lese den et par ganger til før jeg kan skrive noe fornuftig om den.

    Fint innlegg!

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s