Ser lys i den mørke porten

Den mørke portenÅ skriva krim er vanskeleg. Det er eit handverk som krev utruleg mykje planlegging, analytiske evner og solide kunnskaper om det ein skriv om. Plottet må ha driv samstundes som det skal halda på mange løyndomar lengst mogeleg. «Den mørke porten» er Lars Mæhle si fyrste krimbok, og eg lyt seie at han kjem frå det utan alt for mange skrubbsår.

Lars Mæhle er etterkvart vorte ein namngjeten forfattar trass i at han ikkje er gamle karen. Som barne og ungdomsforfattar har han premiehylla full av prisar og nominasjonar. Hans store nasjonale gjennombrot kom med fantasyromanen Landet under isen i 2009. Ein roman somvart tildelt uPrisenFabelprisen,Kulturdepartementes litteraturpris for barne – og ungdomslitteratur, og som blei nominert til Brageprisen.

Forfattaren har så langt tusla rundt i si eiga komfortsone, og gjeve ut romanar til den oppveksande slekt. Dette er hans fyrste freistnad på å skriva noko for vaksne, og då høver det godt med ei skikkeleg bloddryppande kriminalforteljing.

Like godt høver det at Bokelskerinnen i går la ut eit intervju med forfattaren der han fortel om prosessen bak det å skriva ein krim for vaksne. Eit godt intervju som gav meg ein del aha-opplevelsar etter å ha lese boka. Ei bok som gjev von om at me vaksne også har mykje godt i vente frå Mæhle. Det er lys i den mørke porten, for å seie det slik.

Som de veit så skriv Lars Mæhle på nynorsk, men ikkje la det skremme dykk frå å lesa. Nynorsken hans er moderne og lettlest i stilen. Språket flyt fint heile vegen. Han skildrar både tankar, kjensler og omgjevnaden med ein røynd forfattar si hand. Ein er aldri i tvil om at dette er ein som kan det språklege handverket. Til tider finn eg meg sjølv nesten drøymande over små finurlege detaljar eller skildringar medan eg les. Han held meg fast med språket og får meg heile vegen til å ville lesa ei side til. Berre ei til. Ok, då … ei side til … Slik held det fram. Lettlest og fint, og samstundes med ei historie som fengjer meg. Ei drapsgåte, naturleg nok, men og karakterar som rører ved noko i meg. Dei er så truverdige og lette å lika.

Psykologen Ina Grieg til dømes. Protagonisten i boka. Ho har noko uangripeleg og sårt ved seg. Eg ser ei jente som i eitt og alt føler seg annleis enn andre. Ho kjenner at ho ikkje strekk til. Alle ventar at ho skal være ei god og kjærleg mor til tvillingane, og ein omsorgsfull kjærast til den snille mannen sin. Så er det ikkje slik. Ho er overtydd at ho manglar dette omsorgsgenet. Helst vil ho berre driva med sine eigne navlebeskuande sysler. Å løysa drapssaka til den gamle elskaren ho hadde for fem år sidan. Det er fint å sjå korleis Lars Mæhle her festar tankar og kjensler til Ina som eg trur me alle har i oss. Det er ikkje slik at alle vaksne  tykkjer det å vera mor eller far er så inderleg stas. Ein del finn det til tider ganske plagsamt. I alle høve, så tenkjer ein gjerne i dei baner til tider. Uff, kan dei ikkje gå å leggje seg snart så eg får fred? Har du tenkt tanken? Eg har det, og Ina Grieg gjer det støtt.

Det er og ein del andre karakterar som treff godt, men fyrst og fremst så er dei såpass bra fordi dei er truverdige. Ikkje ein einaste gong tenkte eg at slike folk finst ikkje der ute. I all sin normalitet så klarer Mæhle likevel å gjera dei eigenarta og levande. Det er godt gjort.

Det eg har å utsetje på krimdebuten til Mæhle er sjølve kriminalgåta, og spora som fører fram til løysninga av denne.Her ser eg diverre litt for tydeleg at Mæhle har skrive ungdomsbøker tidlegare. Gåta er rimeleg enkel å løyse, og spora du får etterkvart som handlinga driv fram stadfester berre den teorien du gjorde deg tidleg i boka. Eg visste godt kven mordaren var då han vart introdusert fyrste gongen, og var aldri i tvil seinare. Eg fekk rett.  Hovudpersonen har også ein hjelpar som heile vegen får ho på heilt rett spor. Alt det han seier viser seg å være slik. Dette tek vekk mykje av det som skal vera spanande. Det øydelegg ikkje, men det gjer det heile litt for enkelt. Slikt kan du koma unna med i ein ungdomsroman, men me vaksne er litt meir kravstore. Drapa er blodige, og godt skildra. Offera sine tankar kring det uunngåelege likeså. Her er Mæhle på sitt beste. Då er det litt trist at dei uhyggelege og mørke kjenslene han jagar fram i desse partiene av boka forsvinn så snart me er attende til sjølve etterforskinga.

Dette gjev meg likevel eit von om at me har noko godt i vente frå Lars Mæhle frametter. Det tek tid å venne seg til krimsjangeren og finne fram til alle dei mørke krokane og portane som denne sjangeren inneheld. Lars Mæhle har eit lys i hendene sine, og det er det vakre språket og den heilt spesielle evna til å skildra menneske, kjensler og natur slik at eg kjenner det i magen.

Dette er lettlest, men særs godt skrive. Ein krimdebut Mæhle skal vera stolt av. Eg ser ikkje vekk frå at me her har ein komande Rivertonvinnar føre oss. Ingenting ville gleda meg meir. Det er på tide nokon tek opp arven frå nynorskkrimmens meister Kolbjørn Hauge. Mæhle har det i seg. Han treng berre litt meir trening i å lura oss 😉

Treng du ein liten smakebit for å verta overtydd? Vel då kan du lese denne her. Ynskjer du å få boka heilt gratis heim i postkassen din. Då kan du trykka her!

12 comments

Add Yours
  1. Artemisia

    Fin omtale, og triveleg å sjå att du skriv nynorsk. Eg har med Kolden & Kroken si bok, Døden kjem med bussen, heim til Trondheim. Den au lovar godt:) God helg.

    Lik

  2. Melusine

    Ja, jeg kan forestille meg at det er vanskelig å skrive krim!
    «Landet under isen» høres spennende ut, men ikke like mye som boken du anmelder he. At den er lettlest, men likevel svært godt skrevet høres bra ut – spesielt for meg som er en padawan i krimsjangeren 🙂

    Tror jeg trykker på den nederste linken jeg!

    Lik

  3. Bokelskerinnen

    Nå har jeg også skrevet om denne, og jeg ser at vi ikke er så uenige. Jeg synes også at Mæhle er god på det rent språklige, og jeg slet med å legge boken fra meg. Plottet ble derimot for fantastisk og lite troverdig i mine øyne. Klarer han å skape en skikkelig troverdig og original historie i neste krim, tror jeg dette kommer til å bli veldig, veldig bra.

    Lik

  4. Fuck off – I love you! | Bokbloggeir

    […] off – I love you” er strålande, som alltid når Mæhle skriv. Det påpeikte eg og i min omtale av vaksenkrimmen han gav ut i vår. “Den mørke porten”. Tykkjer likevel han har litt å gå på når det kjem til dramaturgi. Det manglar litt på å bli […]

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s