Hardkokt nynorskkrim

Den mørke portenLars Mæhle er ein av dei forfattarane i Noreg som haustar flest prisar for sitt forfattarskap. No seinast for ungdomsromanen «Fuck off, I love you«. I vår har han kasta seg laus på krimsjangeren. Smakebiten denne sundagen kjem frå den rykande ferske «Den mørke porten«

Krim på nynorsk … Kan det vera noko bra då? Vert ikkje det litt kleint og kunstig? Nei, så absolutt ikkje. Ein av mine absolutte favorittar innan krimsjangeren er Kolbjørn Hauge. Hans krimromanar var noko av det som fekk meg hekta på krim i starten. Ein eller annan gong i vår skal eg gje dykk ein Kolbjørn Hauge-spesial, der dykk kan få bli betre kjent med ein av dei store norske krimmeistrane i mine auge.

I dag er det imidlertid Lars Mæhle som står for tur. Han er ein av dei som får språket til å flyta så fint, at du nesten ikkje legg merke til at han skriv på nynorsk. At han no byrjar å skriv i «min» sjanger lyt eg berre applaudera. Eg var snar til å kontakta bokdealeren på Samlaget då eg oppdaga at han var ute med voksenbok. Eg er ikkje så langt av lei i boka enno, men dei fyrste 30 sidene gjev iallfall meirsmak.

Her er vaskeseddelen til boka frå Samlaget:

Ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin, same stad som psykologen Karsten Scheel blei funnen myrda fem år tilbake. Ina Grieg, Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i etterforskingsteamet. Kjensla av at ho er med i teamet på nåde, gjer at Ina Grieg finn uortodokse metodar for å få etterforskinga framover. Hennar gamle venn og mentor, den pensjonerte psykologprofessoren Trygve Winther, viser seg å bli til stor hjelp. Snart blir det klart at dei står ovafor ein seriedrapsmann besett av hemn. Og Ina må kjempe mot fleire demonar i jakta på  fienden, ikkje minst sine eigne.

Smakebit på en søndagMin smakebit er henta frå side 14:

Skuggen seier ingenting. Blir ståande og puste framfor han. Endeleg løftar skuggen handa, grip det som ligg på stativet, eit ark eller noko, og rettar det fram mot Heggvik.

Det er eit foto.

Han kjenner ikkje ansiktet igjen til å begynne med – Det er fordreidd i ein forferdeleg grimase. Han ser og ser. Det er noko framandt, men samtidig kjent med ansiktet.

Guten …

Og ein kulde rislar gjennom kroppen. Og auga hans søker inn i hettedjupet. Og plutseleg veit Ottar Heggvik kven han har framfor seg. Likskapen er ikkje til å ta feil av.

Han kjenner eit skarpt hogg i brystet, og han renn liksom utover.

Og han innser endeleg at han ikkje treng vente lenger.

Den siste dagen er her. No.

Dette er den siste dagen.

Vart du skremt no? Ikkje bli det. Dette er verkeleg ei spanande bok. Det kan eg sjå allereie, og eg veit at fleire av dykk der ute har som mål å lesa fleire nynorskbøker i år. Det er ikkje noko å venta på. Denne vil fengje deg frå fyrste kapittel. Fin sundag alle saman der ute.

25 kommentarer om “Hardkokt nynorskkrim”

  1. Så fint at du skriv kommentaren om denne boka på nynorsk. Det liker eg godt! Skulle vore litt meir konsekvent på dette sjølv, det vert slik at eg berre skriv bokmål på bloggen. Boka vert notert på lista mi. Ha ein fin søndag!

    Liker

    1. Ja. Eg har laga meg ein regel på at eg omtalar bøker som er skrivne på nynorsk på same målføre. Nynorsk er eigentleg mitt hovudmål, så det er ikkje så vanskeleg.

      Liker

  2. Nynorsk er virkelig fint i en bok. Dette var også en bra smakebit. Jeg valgte krimboken fra paret fra Lom (Kolden og K) fra Samlaget denne gang, men ser ikke bort fra at jeg også vil lese denne etterhvert.:)

    Liker

  3. Jeg liker å lese nynorsk, så denne boken skal jeg notere meg. Og jeg ser frem til et Kolbjørn Hauge-spesial, enda en forfatter jeg ikke har lest! Takk for tips 🙂

    Liker

    1. Ja. Den vert heilt spesiell! Det kan eg love deg. Eit unikum av ein forfattar som diverre starta alt for seint, og døydde litt for tidleg. Heldigvis står bøkene att etter han.

      Liker

  4. Nynorsk er vakkert! Eg kjem til å lese denne boka berre fordi det er på nuynorsk, og eg elskar krim! Har nett lese om boka i ein annan blogg, og blei freista då og, endå eg då ikkje visste at boka var skriven på nynorsk 😉
    Ynskjer deg ein glad dag!
    Pia

    Liker

  5. Dette var eit innlegg som varma eit nynorskhjarte, tusen takk. Eg ventar på denne boka og har tenkt å lesa ho i nær framtid.
    Er veldig enig i at Kolbjørn Hauge var ein dyktig krimforfattar. Ein annan forfattar som skriv god nynorsk krim, er Rune Timberlid. Han bør du sjekke ut, han fortener fleire lesarar!

    Liker

  6. Boka er notert på «lista» – takk for tips. Apropos Kolbjørn Hauge (som eg ikkje har somla meg til å lese endå), har du lese noko av Magnhild Bruheim? Ho skriv også gode bøker for ungdom, på nynorsk 🙂 Det er seint – god natt og lag ein fin måndag 🙂

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: