Dagane grå i juni…

Dagane gråNok ein gong så har eg lyst til å dela ei bok med mine lesarar som de truleg ikkje har høyrt om før. Diktsamlinga «Dagane grå» kjem ut på Samlaget i juni, og er skrive av debutforfattaren Odd Eirik Færevåg. Dette er ei samling eg gler meg stort til å lesa.

Debutboka til Odd Eirik Færevåg dreier seg om tapserfaringar, i barndom og vaksenliv. Om ein liten son som dør, og som bringar fram minna om ei syster som eingong forsvann. Den mørke tematikken blir boren fram av eit overskot, eit leikande språk, eit språk som jobbar seg ut av sorga. Samlinga blir ein hyllest til dei som står rundt: foreldre, kjærast, barn og venner.

Eg må seie at det er lenge sidan eg har sett så fram til ei bok som dette. Kvifor det, spør du kanskje? Kva er det med ein debutant som skriv dikt på nynorsk som skulle lokka meg? Svaret er enkelt. Odd Eirik Færevåg er ein ny lokal forfattar frå Haugesund. Ei fersk og frisk stemme som eg har stor tru på.

Odd Eirik Færevåg. (Foto: Haakon Nordvik)
Odd Eirik Færevåg. (Foto: Haakon Nordvik)

Dei som har freista å få antatt lyrikk i Noreg veit kor trongt dette nålauget er. For at Samlaget skal bruka pengar på ei diktsamling så må kvaliteten vere høg. Lyrikk er ikkje klingande mynt i kassa. Dette gjer at eg vert nyfiken. Eg har og snakka med folk som har lest Færevåg sin lyrikk, og det dei fortel høyres svært spanande ut.

Med Odd Eirik Færevåg som sistemann ut i manesjen så har Haugesund etterkvart festa seg som eit nytt pulserande sentrum for forfattarkunst på vestlandet. Frå før har namn som Kolbein Falkeid og Alf Saltveit vore kjende Haugesundnamn på forfattarhimmelen, men dei siste åra har fleire nye kome til. Natalie Normann skriv Skjebnesøstre, serielitteratur for Schibsted. Siri M. Kvamme har gjeve ut to skjønnlitterære romanar på nynorsk for Cappelen. Vinterhjerte i 2008 og Nattgjengar som kom ut ifjor haust. I haust debuterte og Agnes L. Matre med romanen «Stryk meg over håret» på Commentum forlag. Attåt dette finn me aliaset «Alexander Brenning», eller Tor Sæther som han eigentleg heiter, som skapte furore då han i 1995 gav ut den erotiske «Trist som en matros» på Gyldendal og Gaute Sortland som fekk Rogaland Fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2011. Han har allereie gjeve ut to bøker på Samlaget, «Johan» i 2009 og «Du er her igjen og alt er forandra» i 2011, trass i sin unge alder.

BOKEN PÅ VENT HOS BEATHEVel … No er eg vel litt «off topic» her, men slik går det når ein vert  rive med. Dette skulle jo handle om Færevåg si diktsamling som altså kjem ut i juni. «Dagane grå» er i alle fall ein treffande tittel. Her i Haugesund er ofte dagane grå. Også i juni 😉 Men, når sola fyrst skin (og det til alt overmål er vindstille) ja då fins det knapt ein finare plass på jord. Færevåg si barndomsøy, Røvær utanfor Haugesund, er etter mi meining kanskje det vakraste stykke kyst-Noreg som finnes. Ikkje rart at det dukkar opp ein lyrikar frå den øya. Eg har eit von om at sola vil skine på Odd Eirik Færevåg i juni, og på alle dei andre unge og lovande forfattarane som poppar opp i byen. Det er kjekt med lokale stemmer som skriv lyrikk på nynorsk. På den måten får eg ved å lesa ei einskild bok heile fire hakk i lesemålsetninga for 2013. 1.Lokale forfattarar, 2.Bøker på nynorsk 3. Bøker utanfor komfortsona mi. 4. Ein debutant.  Er det rart eg gler meg? 😉

14 comments

Add Yours
  1. Beathe Solberg

    Høres absolutt ut som en bok som er vel verd å få med seg. Selv vil jeg ha mer fokus på debutanter og dikt er ikke noe jeg leser for mye av for å si det slik. Nok et godt boktips fra denne kanten!Fint med fokus på lokale forfattere:-) Flott innlegg, Geir!

    Liker

  2. Tine

    Du er tøff som beveger deg ut av komfortsonen. Lykke til med boken. Jeg leste ikke innlegget ditt siden det sto på nynorsk, noe jeg bare leser når jeg absolutt må.
    Ha en fin tirsdag!

    Liker

      • Tine

        Tuppa og tuppa… jeg tør no i hvert fall innrømme det. Halve BT står jo på nynorsk så jeg får nok av erfaring hvordan hjernen min går i dvale etter andre setningen. Jeg skulle fått avisen til halv pris 🙂

        Liker

  3. Lise@Leserommet

    Det finnes mye bra litteratur på nynorsk!
    Dikt derimot er jeg ikke like flink til å lese, jeg liker et godt dikt i ny og ne, men tror ikke jeg ville klart å sette meg ned med en hel bok. Men kanskje jeg burde bevege meg utenfor min egen komfortsone og prøve det.

    Tusen takk for boktipset!

    Liker

    • bokbloggeir

      Dikt skal ikkje lesast som ei bok. Det skal lesast i små porsjonar. I røynda så tek det lengre tid å lesa ei diktsamling på 60 sider enn det tek å lesa Ringenes Herre på nynorsk (Ringdrotten) 😉

      Liker

  4. beroene

    Eg kan lika lyrikk, men berre i små porsjonar. Det er sjeldan/aldri eg les ei heil diktsamling. Hadde vore fint om du kunne ha delt eit av dikta på bloggen din…?
    Dersom denne forfattaren skriv dikt som liknar på Falkeid sine, er han vel verd lesarar.

    Elles er eg av den meining at det er alt for lite nynorsk i alle sosiale media, så eg set stor pris på at du bidreg.

    Liker

  5. Anette

    Nynorsk er jammen et hett tema, og det bringer frem mange sterke følelser!! Jeg syns du skriver drivende bra innlegg uansett om du skriver bokmål eller nynorsk, og det er nok gammel aversjon som henger igjen fra ungdomsskolen som gjør at jeg ikke leser bøker på sistnevnte. I boken «Fuglehotellet» av Tiger Garte er omtrent halvparten skrevet på nynorsk, og den boken er fantastisk fin. Lest den, eller? Lyrikk har jeg aldri begitt meg ut på, men en vakker dag…. 🙂

    Liker

  6. Odd Eirik

    Hei, Geir! Og takk for drahjelp med den komande kioskveltaren Dagane grå! Berre ei lita retting: Boka kjem ikkje før i august, fekk eg nett vite. Her er forøvrig eit dikt som ikkje er med i samlinga:

    Eg finn ikkje
    stemma mi

    og snakkar i munnen
    på meg sjøløver

    på ein holme
    i Norskehavet.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s